Daniel 12 N78NN

Trengsle og frelse i endetida

1 På den tid skal Mikael,den store fyrsten, stiga fram,han som vernar ¬dine landsmenn.Det skal koma ei trengselstidsom det ikkje har vore ¬maken tilheilt sidan folkeslag vart til.Men på den tid ¬skal folket ditt verta frelst,alle som er oppskrivne i boka.

2 Og mange av dei ¬som søv i molda,skal vakna opp,somme til evig liv,andre til skam og evig avsky.

3 Då skal dei vituge skinasom himmelkvelven skin;og dei som har ført dei mange ¬til rettferd,skal skina som stjernene, ¬evig og alltid.

4 Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka.

5 Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva.

6 Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?»

7 Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.»

8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?»

9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida.

10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.

11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar.

12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar.

13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12