1 I det tredje året Kyros var konge i Persia, fekk Daniel, som dei kalla Beltsasar, ei openberring. Openberringa er sann, og ho varslar tunge tider. Han merka seg openberringa og gav akt på synet.
2 På den tid hadde eg, Daniel, syrgt i tre veker.
3 Fine retter åt eg ikkje, kjøt og vin kom ikkje i min munn, og eg salva meg ikkje før dei tre vekene var lidne.
4 Den 24. dagen i den fyrste månaden stod eg ved bredda av Storelva, det er Tigris.
5 Då eg såg opp, fekk eg auga på ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet.
6 Kroppen hans var som krysolitt, andletet skein som lynet, og augo var som eldslogar; armane og føtene såg ut som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som larmen av ein stor folkehop.