1 Og eg stod attmed han til hjelp og vern det fyrste året medaren Dareios styrte.
2 No vil eg kunngjera sanninga for deg.»Endå skal det koma tre kongar i Persia. Den fjerde skal samla seg større rikdom enn alle dei andre, og når rikdomen har gjort han mektig, skal han eggja alle til strid mot det greske riket.
3 Så kjem det ein krigarkonge. Han skal få stort velde og gjera som han sjølv vil.
4 Men så snart han har stått fram, skal riket hans bryta saman og delast i fire, etter himmelretningane. Det skal ikkje gå over til etterkomarane hans og ikkje vera så mektig som då han sjølv styrte. For riket skal bryta saman og gå over til andre.
5 Kongen i sør skal vinna stor makt. Men ein av fyrstane hans skal verta endå mektigare og vinna eit herredøme som er større enn hans.
6 Nokre år etter skal dei gjera samband med einannan. Ei dotter åt kongen i sør kjem til kongen i nord og vil tryggja freden. Men ho greier seg ikkje, og son hennar får ikkje leva. Dei misser livet, både ho og fylgjet hennar, sonen og mannen hennar.