22 Hærstyrkar vert bortsopte og knuste framfor han – like eins han som vernar pakta.
23 Etter at han har gjort samband, fer han med svik. Han dreg ut, og med lite folk vinn han herredømet.
24 Uventa gjer han innfall i dei grøderikaste bygdene i landet og gjer slikt som korkje fedrane hans eller deira fedrar har gjort. Gods som han har røva og teke, strøyer han ut til folket sitt. Han legg planar om åtak på festningsbyane; men det varer berre ei tid.
25 Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør bur seg òg til krig med ein stor og mannsterk hær. Men han kan ikkje stå seg, for det vert lagt vonde planar mot han.
26 Dei som et ved hans bord, bryt hans makt. Hæren hans vert bortsopt, og mannefallet er stort.
27 Begge kongane har vondt i tankar. Dei sit ved same bord og talar lygn. Men planane deira lukkast ikkje. For enden kjem fyrst til den fastsette tid.
28 Medan han er på heimveg med mykje gods, legg han planar mot den heilage pakta. Etter å ha sett dei i verk fer han attende til landet sitt.