25 Då skunda Arjok seg og førte Daniel inn til kongen og sa til han: «Mellom dei bortførte frå Juda har eg funne ein mann som kan tyda draumen for kongen.»
26 Kongen tok til ords og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg den draumen eg har hatt, og tyda han?»
27 Daniel svara kongen: «Den løyndomen som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, spåmann eller teikntydar kunngjera for kongen.
28 Men det er ein Gud i himmelen som openberrar løyndomar. Han har kunngjort for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og synene du hadde, medan du låg på lega di.
29 Då du låg på lega di, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar løyndomar, fortalde deg det som skal henda.
30 Og når denne løyndomen har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita kva draumen tyder, så du kan kjenna tankane i hjarta ditt.
31 Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut.