44 Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid.
45 Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»
46 Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og viste Daniel ære. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han.
47 Og kongen tok til ords og sa til Daniel: «Sanneleg, den guden de dyrkar, er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar løyndomar, sidan du har greitt å openberra denne løyndomen.»
48 Så lét kongen Daniel få ei høg stilling og gav han mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babylon og til øvste leiaren for alle vismennene der.
49 På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego til å styra i provinsen Babylon. Men Daniel sjølv vart verande i kongsgarden.