15 No vel, dersom de, når de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, er viljuge til å falla ned og tilbe det biletet eg har laga, så er alt godt og vel. Men vil de ikkje tilbe det, skal de straks kastast i omnen med logande eld. Finst det då nokon gud som kan frelsa dykk or mi hand?»
16 Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego tok til ords og sa til kong Nebukadnesar: «Vi treng ikkje svara deg eit ord på dette.
17 Om så skal vera, kan vår Gud som vi dyrkar, frelsa oss; or den glødande omnen og or di hand, konge, vil han frelsa.
18 Og om han ikkje det gjer, skal du vita, konge, at vi ikkje kjem til å dyrka din gud og tilbe det gullbiletet som du har reist.»
19 Då rann det slikt sinne i Nebukadnesar mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at han reint skaptest om i andletet. Han sa frå at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg.
20 Og han sette nokre handfaste karar i hæren til å binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld.
21 Så vart mennene bundne og kasta i den glødande omnen, med kappene, buksene, huene og dei andre kleda på seg.