1 Kong Nebukadnesar til alle folk og ætter med ulike språk over heile jorda: «Fred og lukke!
2 Eg har sett meg føre å kunngjera dei teikn og under som Den Høgste Gud har gjort mot meg.
3 Kor store hans teikn er,kor veldige hans under!Hans rike er eit evig rike,hans velde varer frå ætt til ætt.
4 Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt, sat frisk og glad i slottet mitt.
5 Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Eg vart skræmd av tankane eg fekk og av synene eg hadde medan eg låg på mi lege.
6 Eg gav påbod om at alle vismennene i Babylonia skulle førast fram for meg og seia meg kva draumen tydde.