23 Konge, du såg at ein heilag vaktar kom ned frå himmelen og sa:Hogg treet ned ¬og øydelegg det!Lat berre rotstubben stå att ¬i jorda,i graset på marka,men bunden med lekkjer ¬av jern og kopar.Han skal vætast med dogg ¬frå himmelenog leva som dyra på markatil dess sju tider har fare fram ¬over han.
24 Når dette som Den Høgste har fastsett, kjem over min herre kongen, så tyder det, konge:
25 Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane, og med dogg frå himmelen skal du vætast. Sju tider skal fara fram over deg til dess du sannar at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska og gjev det til kven han vil.
26 Det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att. Det tyder at kongedømet atter skal vera ditt frå den tid du sannar at Himmelen har makta.
27 Konge, ta difor imot mitt råd! Riv deg laus frå syndene dine med rettferd og frå misgjerningane dine med sælebot mot dei som lid naud! Så skal lukka di vara.»
28 Alt dette hende med kong Nebukadnesar.
29 Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk ikring på taket av slottet i Babylon,