29 Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk ikring på taket av slottet i Babylon,
30 sa han brått: «Sanneleg, dette er det store Babylon, som eg med mi veldige makt har bygt til kongssete, til ære for min herlegdom!»
31 Før kongen endå hadde tala ut, kom ei røyst frå himmelen: «Til deg, kong Nebukadnesar, lyder desse orda: Kongedømet er teke frå deg.
32 Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane. Sju tider skal fara fram over deg til dess du sannar at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska og gjev det til kven han vil.»
33 I same stunda slo dette til. Nebukadnesar vart jaga bort frå menneska og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess håret voks og vart langt som ørnefjører, og neglene vart som fugleklør.
34 «Då tida var ute, lyfte eg, Nebukadnesar, augo mot himmelen, og eg fekk vitet mitt att. Eg lova og prisa Den Høgste og æra han som lever evig: Hans velde er eit evig velde,hans rike varer frå ætt til ætt.
35 Alle som bur på jorda,er for ingenting å rekna.Han gjer som han vil ¬med himmelhærenog med dei som bur på jorda.Ingen kan hindra han, ¬ingen kan seia:Kva er det du gjer?