4 Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt, sat frisk og glad i slottet mitt.
5 Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Eg vart skræmd av tankane eg fekk og av synene eg hadde medan eg låg på mi lege.
6 Eg gav påbod om at alle vismennene i Babylonia skulle førast fram for meg og seia meg kva draumen tydde.
7 Så kom spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane inn, og eg fortalde dei draumen. Men dei kunne ikkje seia meg kva han tydde.
8 Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd, og eg fortalde han draumen:
9 Beltsasar, du som er meisteren mellom spåmennene! Eg veit at dei heilage gudars ånd er i deg, og at ingen løyndom er for vanskeleg for deg. Høyr kva eg såg i draumen, og sei kva det tyder!
10 Dette er dei synene eg hadde medan eg låg på lega mi:Eg såg eit tre som stod midt på jorda. Det var svært høgt.