13 Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.»
14 Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, bryr seg korkje om deg eller om det påbodet du har sendt skriv om, men held si bøn tre gonger om dagen.»
15 Då kongen høyrde det, vart han ille til mote og tenkte på korleis han kunne berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å finna ein utveg til å fria han ut.
16 Då kom desse mennene farande inn til kongen og sa til han: «Kom i hug, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve, og inga avgjerd som han har teke, kan endrast.»
17 Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehola. Kongen sa til Daniel: «Gjev din Gud, som du stendig dyrkar, må frelsa deg!»
18 Dei henta ein stein og la han over opninga til hola. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet åt stormennene sine, så det ikkje skulle gjerast noko om att i det som hadde hendt med Daniel.
19 Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét inga av fylgjekonene sine koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.