16 Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om rett forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva synene tydde:
17 «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal koma fire kongar på jorda.
18 Men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og ha det i eige til alle tider, i alle æver.»
19 Då ynskte eg å få vita kva meininga var med det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skræmeleg dyr med tenner av jern og klør av kopar. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene.
20 Like eins ynskte eg å få greie på dei ti horna det hadde på hovudet, og det nye hornet som skaut opp og fekk tre av dei andre til å falla av. Dette hornet hadde augo og ein munn som tala store ord, og var større å sjå til enn dei andre.
21 Eg såg at dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei,
22 til dess den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage åt Den Høgste sin rett, og tida kom då dei heilage fekk riket i eige.