25 Og han skal tala mot Den Høgste og fara hardt fram mot dei heilage åt Den Høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid og tider og ei halv tid.
26 Då skal retten setjast. Herredømet skal takast frå han; det skal knusast og gjerast til inkje for alltid.
27 Kongedømet og veldet og makta i rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Deira rike skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda dei.»
28 Her endar forteljinga mi. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, og eg vart bleik i andletet. Men eg gøymde alt dette i hjarta.