15 Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og freista å skjøna det, stod det brått framfor meg ein skapnad som såg ut som ein mann.
16 Og over Ulai høyrde eg ei menneskerøyst som ropa: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!»
17 Så kom han bort til den staden der eg stod, og då han kom, vart eg redd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Høyr, menneske! For synet gjeld endetida.»
18 Medan han tala til meg, låg eg sanselaus med andletet mot jorda. Men han tok i meg, reiste meg opp
19 og sa:«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for synet gjeld endetida.
20 Veren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia.
21 Den raggete bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den fyrste kongen.