1 I det fyrste året Dareios, son til Xerxes, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –
2 i det fyrste styringsåret hans granska eg, Daniel, i bøkene og la merke til kor lenge Jerusalem etter Herrens ord til profeten Jeremia skulle liggja i røys; det var sytti år.
3 Då vende eg meg til Herren Gud og ville søkja han i audmjuk bøn. Eg fasta, kledde meg i botsdrakt og strøydde støv på hovudet.
4 Eg bad til Herren min Gud, sanna vår synd og sa: «Å Herre, du store og agelege Gud, som held di pakt og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod!
5 Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige; vi har vike av frå dine bod og lover.