1 Då Josva var borte, spurde israelittane Herren: «Kven av oss skal fyrst fara ut og strida mot kanaanearane?»
2 Herren svara: «Juda skal fara fyrst. Eg gjev landet i hans hender.»
3 Då sa Juda til Simeon, bror sin: «Ver med meg til den landsdelen eg skal ha, og lat oss strida saman mot kanaanearane! Så skal eg vera med deg til den landsdelen du skal ha.» Og Simeon gjekk med han.
4 Så tok Juda ut, og Herren gav kanaanearane og perisittane i hendene deira; dei slo dei ved Besek og felte ti tusen mann.
5 Der møtte dei Adoni-Besek, og dei stridde mot han og slo kanaanearane og perisittane.
6 Adoni-Besek rømde; men dei sette etter han, tok han og hogg av han tommelfingrane og stortærne.
7 Då sa Adoni-Besek: «Sytti kongar med avhogne tommelfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No har Gud gjeve meg løn for det eg gjorde.» Så førte dei han til Jerusalem, og der døydde han.