19 Herren var med Juda, og dei la under seg fjellbygdene. Men folket som budde på sletta, greidde dei ikkje å driva bort; for dei hadde jernvogner.
20 Kaleb fekk Hebron, så som Moses hadde sagt; og han dreiv dei tre Anak-sønene ut derifrå.
21 Men Benjamins-sønene dreiv ikkje ut jebusittane, som budde i Jerusalem. Jebusittane vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønene og har butt der til denne dag.
22 Josefs-sønene tok òg ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med dei.
23 Dei sende ut folk til å speida i Betel. Den byen heitte før i tida Lus.
24 Speidarane fekk sjå ein mann som kom ut or byen, og dei sa til han: «Syn oss kvar vi kan koma inn i byen, så skal vi spara deg.»
25 Så synte han dei kvar dei kunne koma inn, og dei øydde byen med odd og egg. Men mannen og heile ætta hans lét dei fara sin veg.