26 Han fór til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus; og det har han heitt til denne dag.
27 Manasse dreiv ikkje ut folket i Bet-Sjean, Ta’anak, Dor, Jibleam og Megiddo og småbyane som låg der ikring. Kanaanearane greidde å halda seg der i landet.
28 Då israelittane vart sterkare, tvinga dei kanaanearane til å arbeida for seg, men dei dreiv dei ikkje ut.
29 Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande der mellom dei.
30 Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom Sebulons-sønene, men dei laut gjera trælearbeid.
31 Asjer dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og Sidon, i Aklab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.
32 Asjers-sønene busette seg mellom dei kanaanearane som heldt til i landet; for dei greidde ikkje å driva dei ut.