28 Då israelittane vart sterkare, tvinga dei kanaanearane til å arbeida for seg, men dei dreiv dei ikkje ut.
29 Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande der mellom dei.
30 Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom Sebulons-sønene, men dei laut gjera trælearbeid.
31 Asjer dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og Sidon, i Aklab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.
32 Asjers-sønene busette seg mellom dei kanaanearane som heldt til i landet; for dei greidde ikkje å driva dei ut.
33 Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg mellom kanaanearane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Sjemesj og Bet-Anat laut træla for dei.
34 Amorittane trengde Dans-sønene opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.