33 Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg mellom kanaanearane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Sjemesj og Bet-Anat laut træla for dei.
34 Amorittane trengde Dans-sønene opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.
35 Amorittane greidde å halda seg i Har-Heres, Ajjalon og Sja’albim. Men sidan fekk Josefs-ætta overtaket og nøydde dei til å træla for seg.
36 Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skaret og oppetter frå Sela.