15 Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»
16 Så skilde dei seg av med dei framande gudane og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud.
17 Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa.
18 Då sa folket og hovdingane i Gilead til kvarandre: «Kvar er den mannen som vil gå fyrst i striden mot ammonittane? Han skal vera hovding over alle som bur i Gilead.»