5 Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.
6 Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta og gudane åt folket i Aram, Sidon, Moab, Ammon og Filistarlandet. Dei vende seg frå Herren og ville ikkje tena han.
7 Då vart Herren brennande harm på israelittane, og han gav dei i hendene på filistarane og ammonittane.
8 Alt same året knuste dei israelittane og kua dei. I atten år trælka dei alle israelittane som budde austanfor Jordan, i amorittlandet, i Gilead.
9 Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til strid mot Juda, Benjamin og Efraim. Og israelittane kom i stor naud.
10 Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Ba’al-gudane.»
11 Herren svara: «Har eg ikkje berga dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane, filistarane,