2 Med kona si hadde Gilead òg søner. Då dei vart vaksne, jaga dei Jefta bort og sa til han: «Du får ikkje noko av arven etter far vår; for du er son til ei framand kvinne.»
3 Då rømde Jefta for brørne sine og slo seg ned i Tob-landet. Og det samla seg mange lause karar om han og var med på ferdene hans.
4 Ei tid etter byrja ammonittane krig mot Israel.
5 Då dei gjekk til strid mot israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.
6 Dei sa til han: «Kom og ver føraren vår, så vil vi strida mot ammonittane.»
7 Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»
8 Dei eldste svara: «Det er då difor vi kjem til deg att. Går du med oss og strider mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»