7 Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»
8 Dei eldste svara: «Det er då difor vi kjem til deg att. Går du med oss og strider mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»
9 Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Får de meg til å fara heim og strida mot ammonittane, og Herren gjev dei i mi makt, så er det eg som skal vera hovdingen dykkar.»
10 Dei eldste svara: «Herren skal vera vitne mellom oss og straffa oss om vi ikkje gjer som du seier.»
11 Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead. Folket gjorde han til hovding og førar, og i Mispa tok han opp att alle orda sine for Herrens åsyn.
12 Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uteståande med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»
13 Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då israelittane kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»