8 Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem domar i Israel.
9 Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti sonekoner henta han heim. Han styrte Israel i sju år.
10 Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.
11 Etter han vart Elon frå Sebulon domar i Israel. Han styrte Israel i ti år.
12 Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulons-landet.
13 Etter han vart Abdon Hillelson frå Piraton domar i Israel.
14 Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti eselfolar. Han styrte Israel i åtte år.