1 Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Då lét Herren filistarane få makt over dei, og det varte i førti år.
2 Det var ein mann av Dans-ætta som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born.
3 Og Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal verta med barn og få ein son.
4 Akta deg no og drikk ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint!
5 For du skal verta med barn og få ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans; for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og han skal gjera opptaket til å berga Israel frå filistarane.»
6 Så gjekk kona til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.