13 Herrens engel svara: «Alt det eg nemnde for kona di, lyt ho akta seg for.
14 Ho må ikkje nyta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har sagt henne, lyt ho halda seg etter.»
15 Då sa Manoah til Herrens engel: «Kan du ikkje bia her eit bel, så vi får stella til eit kje for deg?»
16 Men Herrens engel svara: «Om du får meg til å bia, så et eg likevel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, så ofra det til Herren!» Manoah visste ikkje at det var Herrens engel.
17 Difor sa han til han: «Kva er namnet ditt, så vi kan æra deg når det hender, det du har sagt?»
18 Då sa Herrens engel: «Kvifor spør du om namnet mitt? Det er eit underfullt namn!»
19 Så tok Manoah kjeet og grødeofferet og ofra det der på berget til Herren, han som gjer under. Medan Manoah og kona hans stod og såg på,