17 Då han hadde sagt dette, kasta han kjakebeinet frå seg. Sidan kalla dei den staden Kjakebeinhaugen.
18 Men så vart Samson brennande tyrst, og han ropa til Herren: «Du har hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren. Skal eg no døy av torste og falla i hendene på dei uomskorne?»
19 Då opna Gud den hola som er i Leki, og det rann vatn ut or henne. Samson fekk drikka, livskrafta kom att, og han kvikna til. Difor kalla dei kjelda Roparkjelda; ho er enno i Leki.
20 Samson var domar i Israel i tjue år. Det var i filistartida.