5 Og han kveikte eld i faklane og sleppte revane inn på åkrane åt filistarane. Såleis brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, og like eins vingardane og olivenhagane.
6 Filistarane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, versonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi verfaren tok kona hans og gav henne til bruresveinen.» Så fór filistarane opp og brende inne både kona og far hennar.
7 Då sa Samson til dei: «Er det slik de fer åt, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemnt meg på dykk.»
8 Og han slo dei så dei stupte i kross og krok, og det vart eit stort mannefall. Sidan fór han ned til Etam-juvet og gav seg til der.
9 No kom filistarane opp i Juda og leira seg der; og dei spreidde seg utover i Leki.
10 Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera like eins med han som han har gjort med oss.»
11 Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: «Veit du ikkje at filistarane rår her i landet? Kvifor har du då gjort oss dette?» Han svara: «Som dei gjorde mot meg, så har eg gjort mot dei.»