1 Ein gong kom Samson til Gasa. Der fekk han sjå ei skjøkje, og han gjekk inn til henne.
2 Då det spurdest mellom folket i Gasa at Samson var komen dit, ringa dei han inne og lurte på han attmed byporten heile natta. Men dei heldt seg i ro så lenge det var natt, og sa: «Vi ventar til det dagast; då skal vi slå han i hel.»
3 Samson vart liggjande til midnatt; då stod han opp. Han tok tak i dei to dørene i byporten og dei to portstolpane, rykte dei opp saman med portbommen og la dei på akslene. Så bar han dei opp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron.
4 Sidan vart Samson glad i ei kvinne i Sorek-dalen, som heitte Dalila.