17 Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på mitt hovud; for eg har vore ein Guds nasirear alt frå mors liv. Vert eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneske.»
18 Då skjøna Dalila at han hadde sagt henne heile sanninga. Ho sende bod etter filistarfyrstane og sa: «Kom no opp! For denne gongen har han sagt meg heile sanninga.» Då kom filistarfyrstane opp til henne, og pengane hadde dei med seg.
19 No svevde ho Samson i fanget sitt og ropa på ein mann som kom og raka av han dei sju hårflettene. Så tok ho til å plaga han, og styrken hans fór frå han.
20 «Filistarane er over deg, Samson!» ropa ho. Då vakna han or svevnen og tenkte: «Eg skal nok riva meg laus og gjera meg fri, som så mang ein gong før.» For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg frå han.
21 Filistarane tok Samson, stakk ut augo på han og førte han ned til Gasa. Der batt dei han med koparlekkjer, og så laut han sveiva handkverna i fangehuset.
22 Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka.
23 Filistarfyrstane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa:«Vår gud har gjeve Samson,uvenen vår, i våre hender.»