22 Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka.
23 Filistarfyrstane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa:«Vår gud har gjeve Samson,uvenen vår, i våre hender.»
24 Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa:«Vår gud har gjeve uvenen våri våre hender,han som herja landet vårtog drap så mange av oss.»
25 Som dei no var komne i godlag, ropa dei: «Henta Samson hit, så vi kan ha moro med han.» Så henta dei Samson or fangehuset, og dei hadde moro med han. Dei stelte han opp mellom stolpane.
26 Då sa Samson til guten som leidde han: «Slepp meg! Lat meg få halda i dei stolpane som huset kviler på, og stø meg til dei.»
27 Men huset var fullt av menn og kvinner, og alle filistarfyrstane var der. Og på taket var det om lag tre tusen menn og kvinner som såg på at dei hadde moro med Samson.
28 Då ropa Samson til Herren og sa: «Herre Gud, kom meg i hug og styrk meg denne eine gongen, så eg får hemnt meg på filistarane for det eine av augo mine.»