26 Då sa Samson til guten som leidde han: «Slepp meg! Lat meg få halda i dei stolpane som huset kviler på, og stø meg til dei.»
27 Men huset var fullt av menn og kvinner, og alle filistarfyrstane var der. Og på taket var det om lag tre tusen menn og kvinner som såg på at dei hadde moro med Samson.
28 Då ropa Samson til Herren og sa: «Herre Gud, kom meg i hug og styrk meg denne eine gongen, så eg får hemnt meg på filistarane for det eine av augo mine.»
29 Så femnde han om dei to midtstolpane som huset kvilte på, og klemde dei innåt seg, ein med høgre og ein med venstre armen,
30 og sa: «Lat meg få døy saman med filistarane!» Så tok han i med all si makt. Då ramla huset i hop over fyrstane og over alt folket som var der. Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde.
31 Brørne hans og alt skyldfolket kom ned og henta han. Dei førte han heim og la han i grava åt Manoah, far hans, mellom Sora og Esjta’ol. Då hadde han vore domar i Israel i tjue år.