5 Då kom filistarfyrstane opp til henne og sa: «Sjå om du kan få lokka han til å seia kvar han har den store styrken sin frå, og korleis vi kan rå med han og binda han, så vi får bukt med han. Så skal kvar av oss gje deg elleve hundre sekel sølv.»
6 Då sa Dalila til Samson: «Kjære, sei meg kvar du har den store styrken din frå, og korleis du kan bindast, så ein får bukt med deg.»
7 Samson svara: «Dersom dei bind meg med sju rå senestrenger som ikkje har turka, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.»
8 Då kom filistarfyrstane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde turka. Dei batt ho han med,
9 og i kammeret hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.
10 Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!»
11 Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore bruka til noko, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.»