8 Då kom filistarfyrstane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde turka. Dei batt ho han med,
9 og i kammeret hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.
10 Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!»
11 Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore bruka til noko, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.»
12 Dalila tok nye reip og batt han med, og så ropa ho til han: «Filistarane er over deg, Samson!» I kammeret sat det folk på lur, men han sleit reipa av armane sine som var det tråd.
13 Då sa Dalila til han: «Til dessa har du narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med varpet i veven.»
14 Ho så gjorde og feste det med pluggen. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då vakna han or svevnen og reiv ut både vevpluggen og varpet.