1 Mika heitte ein mann som budde i Efraims-fjella.
2 Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sekel sølv som vart tekne frå deg – du lyste endå ei forbanning for den skuld medan eg høyrde på – dei pengane er hjå meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: «Herren velsigne deg, son min!»
3 Då han gav dei elleve hundre sekel sølv attende til mor si, sa ho: «Desse pengane vier eg til Herren og gjev dei til son min, så han kan laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No skal du få dei att.»
4 Så tok ho to hundre sekel av dei pengane som han kom med, og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.