7 Det var ein ung mann av Juda-ætta som hadde slege seg ned der. Han var ein levitt frå Betlehem i Juda.
8 Denne mannen hadde flytt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og ville finna seg ein bustad der det kunne høva. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraims-fjella.
9 Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna meg ein stad der det kunne høva å setja bu.»
10 Då sa Mika til han: «Gjev deg til her, og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sekel sølv for året og halda deg med mat og klede.» Og levitten vart med han inn.
11 Han gjekk med på å vera hjå mannen og vart som ein av sønene hans.
12 Mika sette den unge levitten til prest hjå seg, og han vart verande i huset hans Mika.
13 Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.»