11 Då dei kom bort imot Jebus, leid det langt på dag, og tenestguten sa til husbonden sin: «Kom, lat oss ta inn i jebusittbyen og vera der om natta!»
12 Men husbonden svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea.
13 Kom,» sa han til tenestguten, «lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane!»
14 Så heldt dei fram, og då sola gladde, var dei tett ved Gibea i Benjamins-landet.
15 Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus for natta.
16 Ut på kvelden kom det ein gamal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraims-fjella, men budde i Gibea. Elles høyrde folket der på staden Benjamins-ætta til.
17 Då den gamle mannen såg opp, vart han var ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du frå?»