17 Då den gamle mannen såg opp, vart han var ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du frå?»
18 Hin svara: «Vi kjem frå Betlehem i Juda og skal langt bort på Efraims-fjella, der eg er ifrå. Eg har vore i Betlehem i Juda og er no på heimveg. Men her er det ingen som vil hysa meg.
19 Vi har både halm og fôr til esla våre og brød og vin til meg sjølv og kvinna og tenestguten som tenaren din har med seg. Vi vantar ingen ting.»
20 Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.»
21 Så fylgde han den framande inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Og då dei hadde vaska føtene sine, sette dei seg til bords.
22 Best dei sat der og hygde seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Send han ut, den karen som har teke inn hjå deg, så vi kan få vår vilje med han!»
23 Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: «Nei, brør, gjer ikkje noko vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje så stygg ei gjerning!