1 Dette er dei folkeslaga som Herren lét vera att, og som han ville bruka til å setja Israel på prøve, alle som ikkje hadde vore med i nokon av krigane om Kanaan.
2 Han gjorde det berre for å læra dei komande Israels-ættene korleis dei skulle strida, sidan dei ikkje hadde vore med før:
3 Det var dei fem filistarfyrstane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde på Libanon-fjella, frå Ba’al-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.
4 Dei var det Israel skulle prøvast med, så det kunne syna seg om dei ville lyda dei bod som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses.