18 Då Ehud hadde gjeve frå seg gåvene, lét han folka som hadde bore dei, fara heim.
19 Men sjølv snudde han ved biletstøttene attmed Gilgal, fór attende og sa: «Eg har eit løyndarbod til deg, konge.» «Hysj!» sa kongen. Så gjekk dei ut, alle som stod kringom han.
20 Som no kongen sat åleine i den svale takstova si, gjekk Ehud inn til han og sa: «Eg har eit ord til deg frå Gud.» Då reiste kongen seg frå stolen.
21 I det same rette Ehud ut venstre handa, greip sverdet som han bar ved høgre sida, og rende det i livet på han,
22 så skaftet fylgde bladet inn. Og feittet gjekk i hop kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans; det stakk ut på baksida.
23 Så gjekk Ehud ut i svalgangen, lét att takstove-døra etter seg og låste henne.
24 Då han hadde gått sin veg, kom tenarane til kongen. Og då dei såg at døra til takstova var låst, tenkte dei: «Han har vel eit ærend i det svale kammeret.»