27 Då han kom til Efraims-fjella, bles han i hornet. Og israelittane fylgde han ned frå fjellet; sjølv gjekk han føre dei.
28 «Skunda dykk etter meg!» sa han til dei. «For Herren har gjeve fiendane dykkar, moabittane, i hendene dykkar.» Så fylgde dei han ned og tok vadestadene over Jordan og stengde dei for moabittane. Dei lét ikkje ein einaste sleppa over.
29 Den gongen felte dei ti tusen moabittar, alle sterke og djerve menn; ikkje ein kom seg unna.
30 Den dagen laut Moab bøya seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtti år.
31 Etter Ehud kom Sjamgar, son til Anat. Han felte seks hundre mann av filistarane med piggstaven åt ein oksedrivar. Han òg berga Israel.