3 Det var dei fem filistarfyrstane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde på Libanon-fjella, frå Ba’al-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.
4 Dei var det Israel skulle prøvast med, så det kunne syna seg om dei ville lyda dei bod som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses.
5 Så budde no israelittane midt imellom kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane.
6 Dei tok døtrene deira til koner og gav døtrene sine til sønene deira og dyrka gudane deira.
7 Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens augo. Dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta.
8 Då vart Herren brennande harm på israelittane. Han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Mesopotamia, og dei laut tena han i åtte år.
9 Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein bergingsmann stå fram i Israel og fria dei ut. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb.