7 Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens augo. Dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta.
8 Då vart Herren brennande harm på israelittane. Han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Mesopotamia, og dei laut tena han i åtte år.
9 Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein bergingsmann stå fram i Israel og fria dei ut. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb.
10 Herrens Ande kom over han, og han vart domar i Israel. Han drog ut i striden, og Herren gav kongen i Mesopotamia, Kusjan-Risjatajim, i hendene hans, så han vann over han.
11 Sidan hadde landet fred i førti år. Så døydde Otniel, son til Kenas.
12 Israelittane heldt fram med å gjera det som vondt var i Herrens augo. Då gav Herren Eglon, kongen i Moab, makt over dei, fordi dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.
13 Han fekk med seg ammonittane og amalekittane. Så drog han ut og slo Israel, og dei tok Palmebyen.