1 Då Ehud var borte, gjorde israelittane atter det som vondt var i Herrens augo.
2 Då gav Herren dei i hendene på Jabin, kanaanearkongen som styrte i Hasor. Hærføraren hans heitte Sisera; han budde i Harosjet-Haggojim.
3 Israelittane ropa til Herren. For Jabin hadde ni hundre jernvogner, og han fór hardt fram mot israelittane i tjue år.
4 På den tid var Debora, kona til Lappidot, domar i Israel. Ho var ei profetkvinne
5 og sat ofte under det palmetreet som vart heitande Debora-palma, mellom Rama og Betel i Efraims-fjella. Og israelittane kom til henne for å få dom i rettssaker.