15 Herren sette støkk i Sisera og gjorde at stridsvognene og heile hæren hans kom i røre, så dei ikkje kunne stå seg for Barak. Då sprang Sisera ned av vogna og rømde til fots.
16 Men Barak sette etter vognene og hæren radt til Harosjet-Haggojim, og heile hæren til Sisera fall i striden. Det vart ikkje att ein einaste mann.
17 Sisera sjølv rømde og kom til teltet åt Jael, kona til kenitten Heber. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og ætta til Heber.
18 Jael gjekk ut imot Sisera og sa: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du treng ikkje vera redd!» Då gjekk han inn i teltet til henne, og ho gøymde han under eit åkle.
19 Så sa han: «Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er så tyrst.» Ho opna ei mjølkeflaske, lét han få drikka og breidde på han att.
20 Då sa han til henne: «Stå i teltdøra, og kjem det einkvan og spør om det er nokon her, så svar: Nei!»
21 Då tok Jael, kona til Heber, ein teltplugg og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handa. Og medan han, trøytt som han var, låg i djupaste svevnen, slo ho teltpluggen gjennom tinningen hans, så han gjekk ned i jorda. Såleis døydde Sisera.