16 Men Barak sette etter vognene og hæren radt til Harosjet-Haggojim, og heile hæren til Sisera fall i striden. Det vart ikkje att ein einaste mann.
17 Sisera sjølv rømde og kom til teltet åt Jael, kona til kenitten Heber. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og ætta til Heber.
18 Jael gjekk ut imot Sisera og sa: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du treng ikkje vera redd!» Då gjekk han inn i teltet til henne, og ho gøymde han under eit åkle.
19 Så sa han: «Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er så tyrst.» Ho opna ei mjølkeflaske, lét han få drikka og breidde på han att.
20 Då sa han til henne: «Stå i teltdøra, og kjem det einkvan og spør om det er nokon her, så svar: Nei!»
21 Då tok Jael, kona til Heber, ein teltplugg og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handa. Og medan han, trøytt som han var, låg i djupaste svevnen, slo ho teltpluggen gjennom tinningen hans, så han gjekk ned i jorda. Såleis døydde Sisera.
22 I same belet kom Barak, som forfylgde Sisera. Jael gjekk ut imot han og sa: «Kom, så skal eg syna deg den mannen du leitar etter.» Han gjekk med henne inn, og då fekk han sjå Sisera liggja der livlaus med teltpluggen gjennom tinningen.