4 På den tid var Debora, kona til Lappidot, domar i Israel. Ho var ei profetkvinne
5 og sat ofte under det palmetreet som vart heitande Debora-palma, mellom Rama og Betel i Efraims-fjella. Og israelittane kom til henne for å få dom i rettssaker.
6 Debora sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali-landet og sa til han: «Høyr kva Herren, Israels Gud, seier til deg: Ta ut og gå opp på Tabor-fjellet! Og ha med deg ti tusen mann av Naftali- og Sebulons-sønene!
7 Så skal eg dra Sisera, hærføraren til Jabin, med vognene og heile hæren hans bort til deg, til Kisjon-bekken, og gje han i di hand.»
8 Då svara Barak: «Går du med, går eg òg. Går du ikkje med, går ikkje eg heller.»
9 Debora sa: «Visst går eg med. Men då er det ikkje du som får æra for den ferda du gjer. For Herren skal gje Sisera i kvinnehand.» Så budde ho seg og vart med Barak til Kedesj.
10 Og Barak kalla Sebulons- og Naftali-ættene saman i Kedesj. Ti tusen mann fylgde han, og Debora var med.