9 Debora sa: «Visst går eg med. Men då er det ikkje du som får æra for den ferda du gjer. For Herren skal gje Sisera i kvinnehand.» Så budde ho seg og vart med Barak til Kedesj.
10 Og Barak kalla Sebulons- og Naftali-ættene saman i Kedesj. Ti tusen mann fylgde han, og Debora var med.
11 Den gongen hadde Heber, ein av kenittane, som var ætta frå Hobab, verbror til Moses, skilt lag med ætta si. Han hadde flytt telta sine til Sa’anannim-eika, som står nær Kedesj.
12 Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren opp på Tabor-fjellet,
13 samla han alle vognene sine, ni hundre jernvogner, og alt det folket han hadde, og førte dei frå Harosjet-Haggojim til Kisjon-bekken.
14 Då sa Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gje Sisera i dine hender. Herren går føre deg i striden.» Så fór Barak ned frå Tabor-fjellet, og ti tusen mann var med han.
15 Herren sette støkk i Sisera og gjorde at stridsvognene og heile hæren hans kom i røre, så dei ikkje kunne stå seg for Barak. Då sprang Sisera ned av vogna og rømde til fots.